Rocka i gang ny torgplass og del av E39

Førdepakken markerte torsdag at siste strekninga på E39 gjennom sentrum og fornyinga av Hafstadvegen står ferdig. Ordførar Jenny Følling i Sunnfjord klipte snora, før trommar, bass og gitar fekk klinge ut over Førde.

Jenny Følling klipper snora - Klikk for stort bileteJenny Følling klipper snora. Ole Kr Åset

Ordførar Jenny Følling stod for snorklippinga, og ho var svært nøgd med korleis området rundt rådhuset no er blitt.

-Eg er stolt over og glad for at vi kan ta slike løft for å gjere Førde til ein triveleg og attraktiv by å besøke, å bu i, vekse opp i, å jobbe, handle og ikkje minst legge tilrette for eit attraktivt uteliv og kulturliv i sentrum. Takka vere Førdepakken kan vi få rusta opp sentrum. Den sikrar økonomiske musklar til sentrumstiltak for 3,5 mrd.kr, sa Følling i talen sin, der ho slo fast at 13 av 20 tiltak i Førdepakken no er bygd ferdig.

Åkle i sentrum

Åklemønsteret er eit gjennomgåande tema på dei nye torgområda i Hafstadvegen, og for å stå i stil med plassen, var det lokale bandet Drusar leigd inn for å spele på opninga.  Med sine karakteristiske åklemønstra gitar- og bassforsterkarar fekk dei testa det nye torget som konsertarena, og opninga viste at den nye plassen ved rådhuset fungerar svært bra til større samankomster.

Vigdis Lobenz, Kristian L. Karlsen, Eli Karin Rise, John Arne Holsen, Runar Rise Hallset, Katrine Myklestad, Andreas Osland og Thomas Østerbø. - Klikk for stort bileteSentrale personar i prosessen fekk blomar, frå venstre: Vigdis Lobenz, Kristian L. Karlsen, Eli Karin Rise, John Arne Holsen, Runar Rise Hallset, Katrine Myklestad, Andreas Osland og Thomas Østerbø. Ole Kr Åset

Prosjektleiar Erling Varlid i Statens vegvesen trakk fram at Førdepakken no er ferdig med alle dei fire utbetringane av E39 gjennom byen som låg i pakken.

-No har vi fått ein god bilveg gjennom Førde, med gode tilbod til gåande og syklande. Men i Førdepakken vonar vi sterkt at prosjektet med ny E39 gjennom Hafstadfjellet kjem med på statsbudsjettet i haust.  Først når den tunellen er bygd, får vi full nytte av utbyggingane i Førdepakken, sa Varlid.

Takka for tolmodet

Han vart etterfølgd av byggeleiar Runar Rise Hallset i Vegvesenet, som takka både bilistar, gåande og syklande og ikkje minst gårdeigarar og næringsdrivande i Sentrum Sør.

-De har nok vore igjennom heile følelsesregisteret i løpet av denne utbygginga, for det har vore ei utfordrande tid for svært mange, sa han.

Hallset takka også hovudentreprenør Entreprenørservice AS med underleverandørar for godt utført arbeid og godt samarbeid i prosjektperioden.

Arve Helle, leiar i flkesutval for samferdsle og mobilitet - Klikk for stort bileteArve Helle, leiar i flkesutval for samferdsle og mobilitet. Ole Kr Åset

Leiar Arve Helle i fylkesutval for samferdsle og mobiltet understreka at Førdepakken har sett tydelege spor etter seg, sidan oppstarten for snart ti år sidan.

-Sjølv om fleire store prosjekt står igjen, så er Førdepakken på stø kurs. Eg vil trekke fram det gode samarbeidet som har vore mellom fylkeskommune, kommune og stat. Det har vore utfordringar knytt til kostnadsauke og krevjande planprosessar, men dei har blitt løyste med eit relativt lågt konfliktnivå, sa Helle, og takka alle som kvar på sin måte har bidrege til det flotte sluttresultatet på tiltak 14.

 

Dette er gjort på tiltak 14:

Hafstadvegen er bygd om til ei gate der gåande har eigne område å vere på. Det er bygd torgplassar for opphald og aktivitet, mens bilane får mindre plass. Hovudtraseen for sykkel i Førde går gjennom området.

På E39 er dei ulike kryssa utbetra, slik at dei vert meir trafikksikre. Begge kryssa med Hafstadvegen er flytta litt på. Det er bygd ny tilkomst for bilar til Lysthaugen, litt aust for bustadane, og tidlegare tilkomst er gjort om til ein gang og sykkelveg.

Tiltaket har ein kostnad på rundt 500 mill. kr (i 2024-kr)