Lyser ut den største kontrakten i Førdepakken

– Det har vore ein lang og krevjande prosess fram mot utlysing, men no er vi veldig glade for å at vi endeleg får oppdraget ut på marknaden, seier Erling Varlid, prosjektleiar for Førdepakken.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIllustrasjon av ny gang- og sykkelveg retning Førdehuset. Statens vegvesen

Konkurransen som vart offentleggjort onsdag denne veka inneheld fleire tiltak i Førdepakken samla i ein entreprise, og vil vere den største kontrakten som til no er gjennomført i Førdepakken. 

 

Tre tiltak i ei kontrakt 

Det mest omfattande av delprosjekta er tiltak 15 Angedalsvegen, som strekkjer seg frå Førdehuset til krysset til Skyttarkvia (litt forbi Prestefossbrua), i alt 1,47 kilometer. Vidare følgjer tiltak 19 frå Skyttarkvia til Slåtten skule, ei strekke på om lag 250 meter.

 

Langs desse strekningane skal det byggast sykkelveg med fortau på nordsida av vegen. Syklande og gåande vert skilde frå biltrafikken med ein liten rabatt. Fleire avkøyrsler vert samla i fellesavkøyrsler for å auke trafikktryggleiken og gje betre sikt. Dagens køyreveg vert utbetra og utvida til 6,5 meter brei langs heile strekninga. På to punkt vert vegen heva for å sikre den mot flaum.

 

I tillegg til Angedalsvegen ligg ei oppgradering av tiltak 18 Kyrkjevegen også i prosjektet. Her skal Førdepakken bygge fortau langs Kyrkjevegen frå krysset til Hornesvegen, og vidare austover til Angedalsvegen.

Kan bli utvida med fleire tiltak 

I tillegg til tiltak 15, 19 og 18 er ei ny gangbru over Prestefossen inklusive fortau til kryss ved sjukehuset med som opsjon i utlysinga. Det betyr at denne gangbrua kan bli ein del av kontrakten, om finansieringa kjem på plass. Det gjeld også ein parsell i Kyrkjevegen, strekninga mellom Elstervegen og Hornesvegen, som i utgangspunktet ikkje var ein del av Førdepakken-tiltaket.

 

Prosjektet har ei rekke byggetrinn og delfristar, men heile prosjektet skal vere ferdig ved utgangen av 2029.