Førebuing til bygging av strekningane er no i full gang, men diverre har det teke noko meir tid enn tidlegare skissert.
-Vi er blitt noko forseinka i høve til det som vart informert på folkemøte i fjor haust. Situasjonen rundt finansiering av Førdepakken har vore, og er framleis usikker, og har teke lang tid å avklare. Vi har også møtt byggetekniske utfordringar i Angedalsvegen som måtte løysast, seier prosjektleiar Erling Varlid i Statens vegvesen.
Slik blir vegprofilen på den nye strekninga.
Statens vegvesen
Tiltak 15 (Førdehuset-Prestfossbrua) skal lysast ut, samman med tiltak 19 (Prestfossbrua - Slåtten skule) og tiltak 18 (Kyrkjevegen) som opsjonar. Også ny gangbru over Prestfossen inklusive gangveg fram til krysset ned mot sjukehuset kjem som opsjonar i kontrakta.
-Viss stortinget godkjenner søknaden om å utvide bompengeinnkrevingstida med 5 år, reknar vi med at alle desse tre opsjonane vert gjennomførde, seier Varlid.
Fortau og sykkelveg på eine sida
Den nye Angedalsvegen vil likne mykje på det ferdige vegstrekket Indre Øyrane – Langebruvegen, berre at i Angedalsvegen kjem det fortau og sykkelveg berre på eine sida.
- Angedalsvegen får eit stort løft for dei mjuke trafikantane, og i tillegg skal det verte lettare og betre å komme seg av og på bussen. Vegen vert også penare estetisk, og kryssa vert meir oversiktlege og trafikksikre, seier Varlid.
Strekninga langs Angedalsvegen har også vist seg noko utfordrande å prosjektere, då det mellom anna er kvikkleire i grunnen nokre stader. Det må difor nyttast kalksementpeling for å stabilisere grunnen nokre plassar, og ved pumpestasjonen ved Prestfossbrua må det settast ned røyrspunt, for å nemne noko.
Opp mot tre års byggetid
Angedalsvegen har også store bustadfelt med avgrensa moglegheit for innkøyring. For å behalde framkomst for bebuarane langs vegen i byggeperioden, må arbeidet truleg takast i ein seksjon om gangen, så byggetida kan bli opp mot tre år før Angedalsvegen står ferdig. Nærmare info om kva rekkefølge ting skal gjerast må kome på eit seinare tidspunkt.
Mange har alt hatt vitjing av fagfolk som jobbar for Førdepakken innafor emna støyisolering av bygningar og teknisk tilstandsregistrering av bygningar. Dette vil halde fram, og i tillegg vil aktiviteten med grunnerverv auke ut over hausten.
Betre for gåande og syklande i Kyrkjevegen
I Kyrkjevegen skal Førdepakken bygge fortau frå krysset til Hornesvegen, og vidare austover, over Toene, til Angedalsvegen. Målet er å legge til rette for gåande og syklande i Kyrkjevegen.
Den komande kontrakten skal lysast ut i ein prosess med forhandlingar mellom Førdepakken og entreprenørane. Her er det strenge tidsfristar blant anna for kor lang tid entreprenørane minimum skal ha tilgjengeleg til si prisrekning, sik at sjølve tilbodsprosessen tek fleire månader. Forventa oppstart på arbeida i marka vert difor etter sommaren 2024.