Drøfta Førdepakken med ministerenFylkeskommunen og Sunnfjord kommune møtte samferdselsminister Jon-Ivar Nygård 18. september. Fylkesorførar Jon Askeland (f.v.), samferdsleminister Jon-Ivar Nygård og Sunnfjord-ordførar Jenny Følling hadde eit møte om finansiering av Førdepakken i departementet sine lokaler i Oslo. Vestland fylkeskommune Møtet var ei oppfølging av vedtak i fylkesting og kommunestyre, der det blei bedt om å forlenge Førdepakken. Delegasjonen presenterte pakken og kvifor det er ønskeleg å forlenge den med fem år. Det blei mellom anna lagt vekt på at pakken har 12 års innkrevingstid, medan det vanlegvis er 15 år for tilsvarande bompengepakkar. Ynskjer tiltaka gjennomført Det sentrale er at alle dei statlege prosjekta i pakken blir gjennomført, medan nesten alle dei fylkeskommunale og kommunale står igjen. Fleire av prosjekta som står igjen omhandlar mjuke trafikantar, og særleg det som er kalla tiltak 1 – ny veg og ny bru over Jølstra - er avgjerande for effekten av heile Førdepakken samla sett. - Vi møtte stor forståing, og statsråden var veldig nøgd med måten det vart presentert. «Sjeldant tydeleg og knapt noko å spørje om», var tilbakemeldinga derifrå, seier fylkesordførar Jon Askeland. Han håpar at staten kjem Sunnfjord og Vestland i møte. Ordførar i Sunnfjord, Jenny Følling, delar fylkesordføraren si oppleving av møtet. - Vi er glade for at statsråden tok seg tid til å treffe oss. Dette var eit godt og positivt møte, seier Følling. Sist endra 22.09.2023 13.53