Asfaltering på nattestid i Førde

Frå natt til torsdag vil det bli asfaltering på E39 gjennom Førde. Arbeidet vil medføre noko ventetid for trafikantane.

Asfaltlegjjaren i arbeid, med lastebil som lossar asfalt foran. - Klikk for stort bileteAsfaltering langs E39, på tiltak 14 i Førdepakken. Runar R . Hallset, Statens vegvesen

I veke 26 og 27 skal det siste asfaltlaget leggjast på E39 Fjellvegen i  Førde. Dette er ein del av tiltak 14 i Førdepakken. Arbeida vil bli utført som nattarbeid, og det skal jobbast mellom klokka 21.00 og 06.00.

Detaljplanen for arbeidet ser slik ut: 

  • natt til torsdag 26.6 – Fresing av armar i rundkøyring og buttskøytar, mindre justeringar rundt om
  • natt til fredag 27.6 – Asfaltering av rundkøyring ved Førde hotell, inkludert tre vegarmar
  • natt til måndag 30,6 – Slitelag sørside, leggast mot aust
  • natt til tysdag 1.7 – Slitelag nordside, leggast mot aust
  • natt til onsdag 2.7 – Filer, kryss, busslomme
  • natt til torsdag 3.7 – Filer, kryss, busslomme
  • natt til fredag 4.7 – Filer, kryss, busslomme

 

Entreprenørservice AS tek høgde for at uforutsette ting kan gje noko forseinkingar, til  dømes havari på maskiner/utstyr eller større mengder nedbør. I så fall blir det resterande tatt i veke 28.

Asfaltarbeidet kan gje noko ventetid gjennom Førde sentrum, så folk må ta høgde for dette i det aktuelle tidsrommet.