Type: Veg , gang- og sykkelveg
Status: Ferdigstilt
Byggestart: Januar 2021
Ferdig: Desember 2022
Ny veg Indre Øyrane–Langebruvegen opna i desember 2022. Det er både ny bilveg med bru og gang-og sykkelveg frå rundkøyringa ved Øyrane vgs og fram til Langebruvegen 19.
Om tiltak 12
Prosjektet inneheld køyreveg og bru med tilrettelegging for gang/sykkeltrafikk i ei lengde på 550 meter frå rundkøyringa på rv. 5 Naustdalsvegen fram til lyskryss ved fv. 60 Storehagen(tidlegare fv. 481). Det blir bygd fortau på begge sider av ny gate. På den eine sida av gata - nord/austsida - er det bygd sykkelveg. Vegen er blitt ein fin bygate, med rabatt med trerekker langsmed.
Betongkonstruksjonane rundt Løken bru med helsetunet bak til høgre.
Ole Kristian Åset
Prosjektet ivaretek Langebruvegen som ein av hovudaksane i Førde sentrum, og vegen bind saman dagens sentrum med ny bydel som kjem på Indre Øyrane. Langebruvegen er blitt omforma frå veg til bygate, med gode tilhøve både for køyrande og mjuke trafikantar. Her er framleis plass til bilar, men det er prioritert plass til folk. Med fortau på begge sider av gata er det god tilkomst til bygningane. Langsgåande allé gir gata eit grønt preg, og avstand til trafikken.
Inngangspartiet på Helsetunet står i stor grad uendra. Køyrebana ligg ca. 50 meter frå inngangspartiet til Helsetunet. Ved den sørlege fløyen på Helsetunet ligg ny gate om lag i same avstand som før.
Langebruvegen blir tilrettelagt for mjuke trafikantar
Sitteplassar og utkikkspunkt
Det er lagt opp til fleire sitteplassar og utkikkspunkt som er tilrettelagt med benker, både ved Løken og langs Langebruvegen. Desse gir gata ein eigen identitet og skaper rom for opphald, aktivitet og møteplassar.
Nytt samband er sentralt for avvikling av trafikken i Førde sentrum og avgjerande for utbygging av Indre Øyrane og fortetting i sentrum nordvest.
Prosjektet hadde ein kostnad på rundt 120 mill. kr (2022-kr). Den nye gata vert kommunal.