Hafstadparken - Kronborgvegen, gang- og sykkelveg - tiltak 10Den nye gang- og sykkelvegen stod ferdig i juni 2020. Type: Gang- og sykkelveg Status: Ferdig Byggestart: Februar 2019 Ferdig: Juni 2020 Vegen er viktig for å knyte bydelane i Førde tettare i hop, og gje gåande og syklande kortare reisetid mellom Vie, Hafstad og Førde sentrum. Større avstand til biltrafikken og færre kryssingar med køyreveg vil gje betre trafikktryggleik for dei syklande og gåande. Vegen er blitt ein populær tur- og transportveg. Traseen ligg i eit sentrumsnært turområde, skjerma for trafikk. Langs gang- og sykkelvegen er det sett opp benkar og bord, og gangvegen får gatelys. Ved å leggja til rette for naturopplevingar og mosjon i nærmiljøet, håpar ein at prosjektet kan bidra til at fleire i Førde syklar eller går, og få ein positiv effekt for folkehelsa og miljøet. Første halvdel av tiltak 10 vart bygd som ein del av Førdefjorden Energi sitt fjernvarmeprosjekt, siste del av gang- og sykkelvegen vart bygd i same kontrakt som tiltak 3 og 4. Delprosjekt 11 Delprosjekt 11 er tilpassinga av gangvegsystemet i Hafstadparken til den nye brua over Jølstra til Angedalsvegen (tiltak 1). Sist endra 16.08.2023 13.15