Styringsgruppa har ansvar for god koordinering i Førdepakken, og består av Terje Heggheim(Sunnfjord kommune), Kjartan Hove (Statens vegvesen) og John Martin Jacobsen(Vestland fylkeskommune).
Det er styringsgruppa som kan prioritere mellom, eller gjere endringar i dei 20 prosjekta i Førdepakken men berre innafor reglane som er gjevne av stortinget.
Dei skal også sikre at Førdepakken når dei måla som er sett opp, halde eit auge med framdrift, gjennomføring og sikre tilstrekkeleg finansiering for alle prosjekta i Førdepakken, og sette inn tiltak der dei meiner det trengst.